Grunnleggende datakunnskap er ein stor bonus
Vi behandlar søknader fortløpande
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til avdeling for logistikk og transport er å hente avfall rundt om i Sunnfjord. Sjåførane er med andre ord ein viktig del for å halde hjula i gong hos renovasjonsselskapet.
Avfallet skal hentast hos hushaldningar rundt om i eigarkommunane og fraktast vidare til hovudanlegget på Einestølen. Vidare blir det transportert til andre anlegg for å utnytte maksimalt av avfallet.
Du vil jobbe saman med 14 andre sjåførar, som alle ser fram til at akkurat deg som ny kollega.
Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.