Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten søkjer engasjert naturvegleiar!
Vi søkjer deg som vil vere med å inspirere og lære bort kunnskap om brear, klima og naturmangfald til besøkjande frå heile verda. Som naturvegleiar hjå oss får du ein unik arbeidsplass ved foten av Jostedalsbreen.
Som naturvegleiar er di viktigaste oppgåve å bygge bru mellom vitskap og publikum. Du vil jobbe i skjeringspunktet mellom pedagogikk, naturfag og gjesteopplevingar.
• Leggje til rette og gjennomføre pedagogiske opplegg og omvisingar for skuleklassar, barnehagar, forskargrupper og turistgrupper.
• Formidle kompleks bre- og klimakunnskap på ein forståeleg og engasjerande måte.
• Vegleie tilsette, turistar og besøkjande i utstillingane og i naturen.
• Bidra til utvikling av nytt formidlingsmateriale, utstillingar og aktivitetar.
• Skape kontakt og samarbeide med fagmiljø i inn- og utland.
• Kontakt med media om faglege spørsmål.
• Marknadsføring i sosiale media.
· Drift av heimeside og digital booking av aktivitetar.
• Delta i dagleg drift av museet ved behov.
Vi ser etter ein omgjengeleg, fleksibel og serviceinnstilt person, som trivst i formidlarrolla og som har ei genuin interesse for natur og miljø, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
• Utdanning på universitets-/høgskulenivå innan glasiologi, kvartærgeologi/ naturgeografi/geomorfologi, samt kunnskap om klima.
• Utdanning eller erfaring med formidling eller undervisning er ein stor fordel.
• Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk (evt. andre språk er eit pluss).
• Evne til å tilpasse kommunikasjonen til ulike aldersgrupper og bakgrunn.
• Gode datakunnskapar.
· Erfaring med naturguiding/breføring er ein fordel
• Ein spanande og meiningsfull jobb i eit internasjonalt miljø.
• Arbeid i spektakulære omgjevnader i Fjærland.
• Mogelegheit til å påverke korleis vi formidlar.
· Mogelegheit for fagleg utvikling.
• Løn: Etter avtale.
Praktisk informasjon
• Oppstart så snart som mogleg.
• Søknadsfrist: 3. juni 2026.
• Arbeidsstad: Fjærland, Sogndal kommune.
Søknad og CV sendast til: anne@bre.museum.no
Spørsmål om stillinga? Kontakt direktør Anne Mundal Skjelten på tlf. 45 50 77 18.
Bli med på laget som gjer kompleks natur - og klimavitskap til ei oppleving for livet!
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gjev deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.
Museet er ei privat stifting oppretta i 1989 av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.