Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei
uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særskilt ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.Konfliktrådet Vest er i vekst, og vi søkjer derfor ein ungdomskoordinator med ansvar for straffegjennomføring i 100 % fast stilling. Brenn du for å gjere ein skilnad og bidra til eit viktig samfunnsoppdrag? Dette er ei unik moglegheit til å skape positive endringar for ungdom som har gjort seg skuldige i kriminalitet, og vere med på å forme vegen deira vidare.
Stillinga har kontorstad i Bergen. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og deler erfaringar og fagkunnskap.
Stillinga som ungdomskoordinator er ein lovregulert funksjon med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, jf. konfliktrådslova kap. IV.
Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette skal gjerast i tett samarbeid med ungdommen, verja til ungdommen, det private nettverket og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester m.m. Du må derfor meistre og trivast i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
I tillegg har ungdomskoordinator ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som hjelper påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er også eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det blir arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Ungdomskoordinatoren skal òg bidra elles i drifta i konfliktrådet gjennom sakshandsaming, utoverretta verksemd, kunnskapsutvikling og gjennomføring av fagarrangement. Medarbeidarane på kontoret samarbeider tett og deler erfaringar og fagkunnskap for å sikre ein einskapleg praksis med god kvalitet. Personleg eignaheit vil bli tillagt særleg vekt.
Kontorstad er Bergen, men stillinga inneber oppgåver i heile området til Konfliktrådet Vest. Du må rekne med ein del reiseverksemd, og det er derfor ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeidstid utanfor ordinær kontortid kan førekome, då enkelte møte blir gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkjarar med nedsett funksjonsevne, har attest som overtalig i staten eller hol i CV-en, men som elles oppfyller kvalifikasjonskrava til stillinga, er oppmoda til å søkje.
Stillinga krev at det blir lagt fram utvida politiattest utan merknader.