Me søkjer ein positiv og blid tannlegeassistent. Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt. Du må vera service-innstilt, engasjert og ha omsorg for medmenneske, og dessutan vera glad i å arbeida med både barn, ungdom og vaksne. Har du stå-på-vilje og likar å jobba når det er hektisk rundt deg, samtidig som du er nøye og effektiv, så ønskjer me å høyra frå deg.
Stillingsprosent:
Stillinga er eit 40% vikariat med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er fleksible og kan jobba ekstra vakter ved behov vil prioriterast.
Arbeidstida er måndag og torsdag, kl. 08:00 -16:00
Assistera kjeveortoped, tannlege og tannpleiar
Arbeida sjølvstendig og i team
Diverse assistentoppgåver
Reingjering og klargjering av behandlingsrom
Reinhald
Sterilisering av utstyr
Resepsjonsoppgåver
Journalarbeid og timebok
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men er ikkje ein føresetnad.
Grundig opplæring vil bli gitt.
Personlege eigenskapar:
Pliktoppfyllande og dedikert
Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
Positiv og profesjonell haldning
Du må vera service-innstilt og ha pasienten i fokus
Ryddig og strukturert
Du må kunna handtera ein til tider travel arbeidskvardag
Gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg norsk
God munnleg kunskap i engelsk
Me tilbyr:
Grundig opplæring vil bli gitt
Eit godt fagleg miljø
Kurs
Eit svært godt og triveleg arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Kortfatta søknad med CV kan sendast til post@vossatann.no
Kopi av attestar, vitnemål og referansar blir tekne med i samband med intervju.
Tiltreding snarast.
Søknadar vil verta fortløpande vurdert. Berre relevante søkjarar vil bli kontakta.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga jfr. Tannhelsetjenesteloven §3, samt Helsepersonelloven §20a.
Søknadsfrist: 31.05.26
Voss Tannhelsesenter er ein veletablert og moderne tannklinikk i Bøndenes Hus sentralt på Voss. Me tilbyr spesialistbehandling i tannregulering (kjeveortopedi) og generell tannbehandling for alle pasientgrupper. Me held til i lyse og trivelege lokale og bruka det nyaste og mest moderne av utstyr.