Vi i Nav Askøy har som mål å bistå dei som treng oss mest. Bistanden skal vere fagleg godt forankra, og rettleiarane våre skal ha eit genuint ønskje om å gjere ein forskjell for dei vi følgjer opp.
Ungdom som får oppfølging frå Nav, er ei av gruppene som treng oss mest. Ønskjer du å arbeide med ungdom mellom 16 og 30 år som treng rettleiing for å kome i utdanning eller arbeid? Er du fleksibel, god til å motivere og ønskjer å bidra til positiv utvikling? Trivst du i ein variert og hektisk kvardag? Då kan du vere personen vi ser etter.
Avdeling ung og familie har no ledig eit vikariat knytt til foreldrepermisjon.
Hos oss får du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga vi har. Vi jobbar tverrfagleg med ulike metodar og tilnærmingar.
Nav Askøy held til i moderne lokale på Kleppestø. På kontoret er vi 70 medarbeidarar og samarbeider tett med Nav Øygarden, som saman utgjer Region Vest i Nav Vestland. Nav Askøy er lokalisert sentralt på Kleppestø senter, eit steinkast unna Bergen sentrum. Det er gode kollektive samband, og vel du å køyre privatbil, køyrer du mot trafikken. På Nav Askøy jobbar vi med ulike fagfelt gjennom ulike arbeidsmetodikkar.
I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva erfaringar du har som er viktigast i ungdomsoppfølginga hos Nav.
Planlagd oppstart er hausten 2026.
Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Waqas Younis, Avdelingsleder , 48357587, waqas.younis@nav.no
Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5125193453
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 23.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling