Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved denne avdelinga:
Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Augeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skadar hos barn og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp (ØH). Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hovude-hals og kjeve. Pt dagarbeid.
Kontakt: Susanne Varga Tlf. 41667022
Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamlege personalmøte og fagdagar for dei tilsette.
Kontakt: Sigrun Hoem Evensen, Tlf. 90740524
Kvalifikasjonar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, 90740524, sigrun.hoem.evensen@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5124385258
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.