Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen?
Me søkjer ein blid og kvikk medarbeidar som er sjølvstendig og fleksibel i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO.
Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO.
For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid.
Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus.
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
Birgit Ute Strand, Sfo-leiar, 91599676
Randi Harveland, rektor, +47 41292877
Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5145091273
Stillingsprosent: 50, 40%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.06.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.