Austbø barnehage har ledig fast stilling som fagarbeidar 100% frå 10.8.26. Me treng også faste ringevikarar. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistre det.
Austbø barnehage er ein 4 avdelings barnehage med sentral beliggenhet på Bryne. Me er ein mellomstor barnehage med plass til 73 barn og er opptatt av å laga trygge og gode dagar for barna, personalet og foreldre. Me har eit spennande uteområde, og buss som gjer med me kjem oss ut på lengre turar rundt på Jæren. Barnehagen har ny og moderne personalavdeling som er godt tilrettelagt for de tilsette.
Me er nytenkande og arbeidar alltid med fagleg utvikling. Austbø er Marte meo praktiker barnehage. Me har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er inkludering, meistring og glede. Personalet i Austbø er trygge og autoritative vaksne som er til stades for barna. Me har stort fokus på verdiane våre: Glede, omsorg og engasjement.
Me har pedagogar, inkluderingspedagog, fagarbeidarar og spesialpedaog. Me er lærebedrift for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.
Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen Austbø barnehage
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Anette Johnsen Salte, Styrer, +47 40216260
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5143063307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.