Vil du vere med og forme framtidas arbeidsprosessar og digitale løysingar innan eigedom og utbygging? Høyrest det spennande ut å planleggje, forvalte og styre prosjektporteføljen i seksjon System og utvikling? Då kan stillinga som fagleiar prosjekt vere noko for deg!
Vi søkjer ein fagleiar prosjekt som får ei nøkkelrolle i å utvikle og følgje opp rutinar og system knytte til prosjektgjennomføring og digital informasjonsforvaltning. Du får ansvar for å planleggje, koordinere og følgje opp prosjektporteføljen i seksjonen, samt leie utviklings- og digitaliseringsprosjekt.
Om oss
Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i avdelinga Eigedom og utbygging. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning.
Våre tilsette er også faglege rådgjevarar og støttefunksjonar innan FDV, BIM, digitalisering, HMS, kvalitet og opplæring.
Eigedom og utbygging utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen.
Vi ser etter ein engasjert og strukturert fagleiar prosjekt som vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av seksjon System og utvikling. Hos oss får du ikkje berre leie prosjekt – du får vere med og påverke korleis vi jobbar, samarbeider og tek i bruk ny teknologi.
Kvifor velje oss?
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som jobbar i skjæringspunktet mellom teknologi, eigedom og organisasjonsutvikling. Du får høve til å påverke store og viktige satsingar innan digitalisering, innovasjon og berekraftige løysingar i fylkeskommunen. Vi har ei sentral rolle i utviklinga av eigedomsdrift og -forvaltning, og er tett på store prosjekt som utbygging av Bybanen)
Du er ein som likar å ta ansvar, skape framdrift og få folk med deg. Du trivst i eit miljø der du både må tenkje strategisk og jobbe operativt.
Du har erfaring med prosjektarbeid, analyse og kartlegging av arbeidsprosessar. Du likar å skape struktur og framdrift.
Vi trur du har:
Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for formelle krav
Det er ein fordel om du også kjenner til offentleg sektor, eigedom/bygg og har sertifisering innan Lean, PRINCE2, Agile eller liknande.
Hos oss får du:
Klar for å ta ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas eigedomsforvaltning i Vestland Fylkeskommune?
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Christina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5123199328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.