Om stillinga
Me søkar etter ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helsefagarbeidarstilling 80%.
Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør.
Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.
Eininga har eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Du skal få ei god opplæring og me tar godt i mot nytilsette.
Me er opptatt av at du trivs og kjenn deg trygg i avdelinga. Turnus er todelt dag/kveld, me har årsturnus som går over 52 veker og moglegheit for langvakter på helg.
Arbeidsoppgåver
- I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg
- Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100+ år
- Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheim
- Helsefagarbeidar har ei sentral rolle i den daglege oppfølgninga av brukarane, med fokus på grunnleggende pleie, observasjon, dokumentasjon og tiltak som fremjar meistring og livskvalitet
- Gjennom god kommunikasjon og relasjonsbygging bidreg helsefagarbeidar til at brukarane opplever tryggleik, kontinuitet og tillit i tenesta
- Helsefagarbeidar samarbeider tett med sjukepleiar
- Delta i rettleiing og støtte av elevar, lærlingar og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar
- Sertifikat klasse B
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert, initiativrik og emosjonelt robust
- Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Er opptatt av fag, kvalitet og service
- Du er raus og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)
Vi tilbyr
- Faste fagdagar og fagmøter
- Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
- Moglegheit for langvakter i helgene
- Dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for vidareutdanning
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Kommunale bilar
- Bedriftshelsetjeneste