Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og TAF/YSK utdanning innan industriteknologi, helse og akva (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.
Utdanningsprogrammet helse- og oppvekst har 1 klasse på Vg1, 1 klasse på Vg2 : Helsefagarbeidar. Vi har og 1 klasse med helsefagarbeidar på TAF/YSK (dette studiet gir yrkes- og spesiell studiekompetanse).
Undervising og oppfølging av elevar.
Noko av undervisninga kan bli knytta til tilrettelegging for einskildelevar.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, med bedrifter og kommune om utplassering, og med opplæringskontor om læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga innanfor fagområdet, og om kva som skjer innan fag- og yrkesopplæringa.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring og arbeidserfaring frå helsesektoren.
- Erfaring frå bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Helen Hjertaas, Avdelingsleiar, 41530832, helen.hjertaas@vlfk.no
Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5124431590
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 25.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.