Me har ledig ei 60 % fast stilling som kontaktperson i barnevernstenesta.
Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar som ønskjer å arbeide med barn, unge og familiar i ein kompleks og meiningsfull kvardag.
Søknadsfrist:14. mai 2026
Tilsetting snarast.
Som kontaktperson vil du ha ansvar for oppfølging av barn og familiar etter gjeldande lovverk, og bidra aktivt i det førebyggjande og tverrfaglege arbeidet i heradet.
Link til søknadsskjema:
Søk herIdyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana.
Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det.
Ny barnehage opnar hausten 2027.
Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt.
Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk.
vikallar.no