UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Fagområde for etikk og helseøkonomi, er det ledig ei heiltidsstilling (100 %) som postdoktor frå 1. september 2026, for ein periode på tre (3) år (fire år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald ved ein internasjonal institusjon). Stillinga er lokalisert ved BCEPS, eit senter for framifrå forsking (SFF), og stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.
Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ingvild Sandøy, tlf. 55 58 85 54, e-post: ingvild.sandoy@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.