Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.
Vi håpar du vil vere med på reisa vår!* Avdeling Alderspsykiatri har ledig 60% fast stilling og søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 har ledig 80-100% fast stilling og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke
* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 80% fast stilling, langvakter på 12,25 time, med arbeid kvar 4. helg. Det er krav om gyldig politiattest
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 80% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg. Her kan også 100% stilling vurderast om ønskeleg
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861
Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.
Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt: Seksjonsleiar Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar
Kontakt PAM1: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kontakt PAM2: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 55956412
Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon som tilbyr (re)habilitering og behandling til personar med psykoselidingar i kombinasjon med kompliserande tilstandar, utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken – eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Hovudfokuset er å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkjande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi og fysioterapi, og har treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga. Stilling inneber gyldig politiattest iht Helsepersonelloven § 20a.
Kontakt: Silje Madeleine Mihle Hop, Tlf 55958630 eller Lena Thomsen Bruåsdal, Tlf. 55958878
Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge.
Kontakt: Liv Mala, Tlf. 55958706
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi ønsker medarbeidarar som:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgiver: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5105765309
Stillingsprosent: 80, 60%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.