Vi har ledig to faste stillinger på Hjelpemiddellageret i Alver kommune som hjelpemiddelteknikar i 100. Stillingane er ledig med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.
Hjelpemiddellageret er lokalisert til Mjåtveit og avdelinga skal ha 4 årsverk hjelpemiddelteknikarar tilsett. Hjelpemiddellageret er transittlager for hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral og fungerer i tillegg som lokalt hjelpemiddellager i Alver kommune med ansvar for kortidsutlån av hjelpemiddel. Hjelpemiddellageret samarbeider med fleire andre tenesteytara i kommuen, bl.a. fysio- ergoterapitenesta, forvaltningskontor, heimetenesta, sjukeheimstenesta, habiliteringstenester og oppvekst.
Hjelpemiddellageret er samorganisert med Fysio- ergoterapitenesta i kommunen. Fysio- ergoterapitenesta leverer tilbod til heile kommunen og har avdelingskontor på Manger, Frekhaug og i Knarvik.
Vi ser etter ein person som kan handtere ein travel arbeidsdag og fysiske arbeidsoppgåver. Du må kunne arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og i team. Arbeidet krever at du er ryddig og strukturert. Det er viktig at du er serviceinnstilt og god på kommunikasjon, fleksibel og endringsvillig. Vi ønskjer også at du tek initiativ til, og bidreg i forbetrings- og utviklingsarbeid. Vi ønskjer at du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø har godt humør og er løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt ved tildeling av stillinga.
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.