Vi søkjer ein trygg, fleksibel og påliteleg BPA-assistent til ei dame som er rullestolbrukar. Ho er i 80-åra, og bur på Radøy. Ho er interessert i handarbeid, hagestell, fugle- og dyreliv, og har eit ope sinn i møte med andre og i samtalar om livet.
Som BPA ( brukarstyrt personleg assistent) vil arbeidsplassen være i brukar sin heim, der brukar sjølv er arbeidsleiar .
Arbeidstid er om lag 8 timar i veka .Arbeidstida vert avtalt direkte med brukar ut frå behov.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
Personleg eignaheit vil verte vektlagt
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSom medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar og avdelingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.