Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, veg og grønt anlegg. Tekniske tenester veg og grønt har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, gang- og sykkelvegar, turvegar, bruer og parkeringsplassar og grøntanlegg. Me søkjer etter ein arbeidsleiar på Veg og Grøntavdelinga.
Hovudarbeidsoppgåver
Dagleg oppfølging av mannskap i drift
Utføring og oppfølging av drift og vedlikehald av kommunale veg- og grøntanlegg
Ansvar for sesongbaserte oppgåver, som vår- og haustrydding, blomsterplanting og vinterførebuing av grøntanlegg
Delta i vinterberedskapsvakt
Lage vaktplanar og fordele arbeidsoppgåver
HMT planlegging og kvalitetssikring
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant teknisk utdanning på fagskulenivå t.d. maskinførar
Erfaring frå arbeid med utbygging, drift og vedlikehald av veganlegg eller grøntanlegg.
Kunnskap om plantevekstar
Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel
Kurs i arbeidsvarsling
ADK
Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av IKT --verktøy
Førarkort for personbil kl. B og lastebil kl. C
Tekniske tenester ser etter medarbeidarar som:
Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig
Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø saman med sine kollegaer
Er kostnadsmedviten og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin
Er fagleg flink og har interesse av å utvikla seg innan arbeidet sitt
Er strukturert
Har gode samarbeidsevner
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Me kan tilby:
Løn etter avtale
God pensjons- og forsikringsordning
Ein spanande jobb der leiaransvaret er kombinert med faglege utfordringar
Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Håkon Litlabø. Tlf. 91620168
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.