Byggforvaltning er organisatorisk plassert under kommunalsjef for samfunnsutvikling og er ei sentral eining i kommunen sitt arbeid med å utvikle og forvalte eigedomsmassen. Eininga omfattar to avdelingar og har hovudansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, tekniske anlegg, uteområde og grøntareal. Dette inneber både å ivareta dagleg drift og vedlikehald, og å planleggje langsiktig utvikling og fornying av eigedommane slik at dei møter framtidige behov.
Stillinga er plassert i byggdrift og rapporterer til avdelingsleiar for Byggforvaltning. Du vil inngå i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på samarbeid og kunnskapsdeling.
Byggforvaltning har ei viktig rolle i å sikre at kommunen sine bygg og anlegg er funksjonelle, trygge og tilgjengelege for innbyggjarane. Dette omfattar alt frå skular, barnehagar og helsebygg til kultur- og idrettsanlegg, samt uteområde og parkar som er viktige for trivsel, helse og berekraftig by- og tettstadsutvikling.
Arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere varierte og dekkje heile verksemdsområdet innan eigedom, bygg, anlegg og park.
Jonny Angeltveit – Avd. leiar Byggforvaltning 477 01 309
Henning Selstø - Avd. leiar Byggforvaltning 950 48 553
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter søknadsfrist, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan vurderast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar etter regelverk, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom ynskje ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.