Er du god på relasjonsbygging? Vil du jobbe i eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegar?
Hjartdal kommune søker etter dyktig og entusiastisk barne- og ungdomsarbeidarar i våre barnehagar frå hausten 2026. Vi søker deg som ønsker å skape gode arenaer, med moglegheit for leik, læring og meistring for barn i vår kommune. Vi har tre barnehagar i ulike størrelsar med kvart sitt særpreg. Alle tre barnehagane ligg i flotte omgivnadar med store moglegheiter.
Barnehagane har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse og stort mangfald.
Behovet vil frå august 2026 vere i Tuddal barnehage.
Vår visjon er: Vi trivst, lærer og har MOT til å gå saman
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar for barnehagane i Hjartdal, Karianne Haugan Skårdal.
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til Hjartdal – det nære alternativet.
Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.
Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.
Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.
I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!
Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.