Heimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 80 % fast stilling i to-delt turnus med arbeid på natt kvar 3 helg. Det kan vere moglegheit for 3‑delt turnus etter nærare avtale.
Heimetenesta yter tenester til menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Vi arbeider for å gi trygg og god omsorg prega av respekt, høg fagleg kvalitet og menneskeleg varme - der den enkelte sine behov står i sentrum.
Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit, samarbeid og støtte står sentralt. Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi arbeider tverrfagleg, og du blir ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi gode og trygge tenester - der folk bur og lever liva sine.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Vi skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.