Er du miljøterapeut?
Barne og familiehjelpa søkjer miljøterapeut med kompetanse og erfaring frå flyktning og migrasjonsarbeid
Voss herad styrkar den førebyggjande innsatsen retta mot barn og familiar. Fagfolk som yt hjelpetiltak direkte inn mot barn og familiar relatert til samspel og/eller åtferd skal no samlast. Dette med sikte på meir presise tiltak, betre utnytting av fagkompetanse og betre koordinering av tenester. Det overordna målet er å gje samkøyrte tenester utan brot i oppfølging. Innbyggjarar og tenester skal kunne ta kontakt direkte etter ein "ei dør inn-modell". Eininga vil omfatta psykologtenester, PMTO-terapeutar, familieterapeutar og rettleiarar, miljøarbeidarar, EM-tiltak m.v. Totalt omlag 25 personar.
EM tiltaket som inngår i barne og familiehjelpa er no i behov av 1 medarbeidar i fast stilling som miljøterapeut. Kompetansen til tilsette skal nyttast på tvers av eininga og på tvers av tenestetilbodet til heradet. Dette er eit grunnleggjande premiss for alle som vert tilsett. Dette stiller store krav til fleksibilitet til dei som vert tilsett.
Em tiltaket er eit kommunalt bufellesskap som gjev bu- og omsorgstilbod til einslege mindreårige flyktningar i alderen 13-20 år på Voss. Em tiltaket har og oppfølging av ungdomar som treng heildøgnstilbod i samarbeid med barneverntenesta i heradet. På Em tiltaket nyttar me oss av medlevarturnus. Intervall på turnus er 2-7, 2-7, 3-7.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande