Då ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon, har barneverntenesta i Stryn ledig 100% vikarstilling. Vikariatet er for perioden 01.06.26 - 30.09.27.
Barnevernet er organisert i helse- og sosialetaten. Barnevernleiar har kommunalsjef som næraste leiar og det er knytt 7 årsverk til tenesta.
Barneverntenesta jobbar etter generalist modellen, som betyr at ein følgjer saka frå bekymringsmelding til oppfølging av tiltak. Barneverntenesta i Stryn har eige tiltaksteam som jobbar med systematisk foreldrerettleiing.
Rita Stølen Veamyhr, Barnevernleiar, 41248829
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5125028649
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn