Er du ein dyktig barne- og ungdomsarbeidar med godt humør og stå på-vilje?
Då treng me deg på Samnanger barneskule og SFO! Samnanger barneskule er ein 1-7 skule med omlag 200 elevar frå hausten 2026. På SFO er det påmeldt ca 70 elevar.
Me søkjer etter engasjerte fagarbeidarar, 2 stillingar à ca 60 %, som trivst i eit inkluderande og aktivt læringsmiljø. Stillingane inneber arbeid tett på einskild elevar og mindre grupper som har behov for ekstra støtte og tilrettelegging i kvardagen. Arbeidet krev god evne til relasjonsbygging, struktur og tilpassa oppfølging i samarbeid med lærarar og anna støtteapparat.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Skulen ligg vakkert til og har funksjonelle og miljøvenlege bygg. Skulen har eit stort og variert uteområde, eit flott skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.
Skulen har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiane våre. Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis. Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.
Nøkkelord: vår skule, våre elevar, kommunikasjon og relasjon
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Oppvekstområdet omfattar to kommunale barnehagar, to kommunale skular samt vaksenopplæring. I tillegg er det ein privat barnehage med i samarbeidet vårt. Oppvekstområdet verdet mangfold og berekraftige løysingar, og har som visjon at høg kvalitet på tenestetilboda skal sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge i Samnanger kommune.