oppgitt for den enkelte avdelinga
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med driv og interesse for kirurgiske fag.
Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, varierte pasientforløp og gode utviklingsmoglegheiter? Ved Kirurgisk klinikk søker vi no sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø.
Klinikken vår har fem sengepostar, fire poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og ei intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har no ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Undervegs i prosessen kan det bli ledige stillingar ved andre einingar/avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse.
Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? Uansett håpar vi å høyre frå deg.
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette. Hjarteavdelinga post 1s2v
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.
Kontakt: Beate Solheim Hansen tlf 55972202.
Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Bemanningssenteret
Vanskeleg å velje avdeling? Bemanningssenteret søkjer sjukepleiarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har ledige 100 % faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Her får du brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet.
Nokre av stillingane vil ha oppstart med sommervikariat ved ei av fødeavdelingane på KK. Dette gir ein unik moglegheit til å få erfaring frå eit spennande og fagleg sterkt miljø før vidare arbeid gjennom Bemanningssenteret.For deg som trivst med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer ein variert arbeidskvardag, kan dette vere stillinga for deg.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484 eller Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.
Hudavdelingen består av poliklinikk, dagpost og hud- og revmatologisk sengepost, vi treng no sjukepleiar til poliklinikk, men kombinert stilling kan bli aktuelt. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring. Poliklinikk inkluderar dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar.
Kontakt: Trude Gildestad tlf. 55974037.
Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.
Korttidsposten er ein døgndriven seksjon i Mottaksklinikken med plass til 20 pasientar. Pasientane i Korttidsposten kan ha mange ulike tilstandar og sjukdommar, frå alle medisinske fagområde. Dei er i hovudsak pasientar med avklarte tilstandar og med forventet kort liggetid. Mange av våre pasientar blir utskrevne etter opphaldet hos oss, mens andre blir innlagt for behandling i spesialavdelingane i sjukehuset.
Kontakt: Anette Tvedt, Tlf. 55970880.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5125256540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.