Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 85 stillingar og rundt 100 tilsette.
Vi har frå 31.08.26 ledig fast stilling som kveldsvakt. Kveldsvaktene arbeider i 15 vekers turnus og 18,5% stilling tilsvarer 20 vakter på 15 veker. Kvar vakt varer frå kl. 15.30 til 20.30 og tenesta er kvar kveld heile året. Tenesta er delt på 5 kveldsvakter og man samarbeider med fysioterapeutar på forskyvd vakt.
Hovudarbeidsfeltet på kveld er lungefysioterapi for pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane på sjukehuset, til dømes Intensivavdelinga, Lungeavdelinga og Barne- og ungdomsklinikken. Pasientar med andre problemstillingar, til dømes brannskadar, blir òg behandla. Det er fysioterapeutar på dagtid som prioriterer pasientar til behandling på kveld. I tillegg kan dei kliniske avdelingane ringe etter fysioterapeut ved akutt behov på kveld
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5127990119
Stillingsprosent: 18,5%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.