Ved Nevro og Revma poliklinikk i Helse Førde har vi frå hausten ledig fast stilling som seksjonsleiar. Kvar dag arbeider vi for å gi pasientane våre eit trygt, fagleg sterkt og heilskapleg tilbod – og no søkjer vi ein engasjert leiar som vil vere med å løfte seksjonen vidare.
Seksjonen omfattar revmatologi, nevrologi, klinisk nevrofysiologi og ei ny infusjonspoliklinikk ved sentralsjukehuset, som opnar hausten 2026. Stillinga gir eit breitt ansvar innan fag, drift, økonomi og personal, og gode moglegheiter til å påverke utviklinga av framtidas tenester.
Som seksjonsleiar blir du ein del av leiarteamet i Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Du samarbeider tett med medisinskfagleg ansvarlege og resten av leiargruppa. Vi vektlegg samarbeid, kvalitet og utvikling, og ser etter ein leiar som motiverast av å skape gode resultat saman med andre.
Ved Førde sentralsjukehus finn du sterke fagmiljø og korte vegar mellom fag og leiing. Regionen byr samstundes på gode moglegheiter for friluftsliv, kultur og ein balansert kvardag.
Velkommen som søkjar!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5120755765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.