Vi har ledig tre 100 % midlertidige stillingar som lærar. Gjeld ut skuleåret 2026-27.
Ynskjer du å dyrka fram meistring hos ungdomar og bidra til eit godt læringsmiljø? Då vil vi gjerne høyra frå deg!
Som lærar hos oss får du gode mogelegheiter til å arbeide i eit miljø prega av arbeidsglede, høg kompetanse og til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 204 flotte ungdomar!
Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling. På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skapa den gode skulen.
Skuleleiinga består av rektor og 2 avdelingsleiarar.
Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har sosiallærar/rådgjevar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk, matematikk og engelsk. Skulen har 100% merkantil ressurs.
Arbeidsoppgåver:
● Stillinga er knytt til undervisning.
● Stillinga som lærar er allsidig og inneberer mellom anna oppfølging av elevar, kontakt med føresette, samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartar.
● Godkjent lærarutdanning
● Vi søkjer autoritative lærarar med godkjent kompetanse for ungdomstrinnet
● Vi søkjer lærarar som har god kompetanse i skriftleg og munnleg norsk
● Vi søkjer lærarar som er trygge brukarar av IKT som verktøy for læring
● Vi ber alle med godkjente kvalifikasjonar om å søkja.
● Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.
● Vi ber om minst 2 referansar og ein av dei skal vera noverande leiar.
Vi ser etter deg som :
● trivst i lag med ungdomar
● er sjølvstendig og autoritativ
● har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
● likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar
● Varierte arbeidsoppgåver
● Løn etter hovudtariffavtalen
● Løn etter avtale (avhengig av stilling)
● Rekrutteringsavtalar
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
● Politiattest
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:
Søk her- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49