Bjørgvin fengsel avdeling lågare sikkerheit søkjer etter fengselsbetjenter til fast 100% stilling i turnus fra august.
Som tilsett i kriminalomsorga møter du menneske i ein krevjande livssituasjon. Du må kombinere tydelege rammer og tryggleik med empati og respekt. Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget – å bidra til endring, utvikling og tilbakeføring til samfunnet.
Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering i tillegg til å vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette.
Bjørgvin fengsel, avdeling med lågare sikkerheit, har plass til 90 innsette og tilbyr soning i eit meir ope og tillitsbasert miljø. Her blir det lagt til rette for at innsette kan ta større ansvar i eigen kvardag, med fokus på arbeid, opplæring og førebuing til livet etter lauslating. Fengselet omfattar òg Ungdomseining vest, med eit særskilt tilbod til unge innsette.
Som tilsett får du ein variert arbeidskvardag der tryggleik, relasjonsarbeid og rehabilitering går hand i hand. Du blir ein viktig del av progresjonen til dei innsette gjennom tett oppfølging, miljøterapeutisk arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Personleg eignaheit vert vektlagt
Stillinga blir lønt som fengselsbetjent 0264, frå kr. 500 000 - 630 000 pr år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse.
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av ny tilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekke søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Fengselsinspektør Thomas Eeg Storli tlf.: 55251285 eller Rådgjevar HR Linda Solberg tlf.: 55251296
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.