Vil du vere med og forme framtidas tenester innan meistring og psykisk helse? DÅ kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for den nyoppretta eininga Meistring og psykisk helse. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Bakgrunnen for stillinga er ei vidareutvikling av tenestene innan helse og omsorg.
Frå august 2026 blir dagens Bu- og miljøteneste delt i to einingar: Meistring og psykisk helse og Miljøtenesta. Vi søkjer no ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vere med på å byggje opp og vidareutvikle den nye eininga. Leiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester gjennom god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre kommunale tenester. Eit nært samarbeid med Miljøtenesta vil vere særleg viktig. Som einingsleiar får du det overordna faglege, administrative og strategiske ansvaret for ei teneste med om lag 62 årsverk og 80 tilsette.
Eininga omfattar pr i dag følgjande avdelingar:
Psykisk helseteam og uteteam har òg ansvar for samarbeidet med Helse Førde gjennom FACT Ung og FACT Vaksen, samt oppfølging av tiltak som kommunen kjøper frå eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarteamet består av einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Avdelingsleiarane har det daglege personalansvaret for sine medarbeidarar, medan einingsleiar har det overordna ansvaret for drift, utvikling, økonomi og måloppnåing i eininga. Oppmøtestad er Nordfjordeid, men stillinga krev tilgjenge og nærvær på tvers av kommunen sine tenestestader. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef helse og omsorg og er ein del av sektoren sitt samla leiarteam.
Stad kommune ønskjer å skape tenester som gir tryggleik, meistring og livskvalitet. Vi satsar på kompetente medarbeidarar, fagutvikling og innovasjon, og søkjer ein leiar som vil vere med på å utvikle framtidas tenester innan psykisk helse og meistring.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Barbro Longva.
Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no
Myroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5135798246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.