Har du eit hjarte for eldreomsorg, trivst med ansvar og motiverast av å utvikle gode tenester saman med dyktige medarbeidarar? Då kan dette vere stillinga for deg!
I eining for velferd ved Nissedal omsorgssenter har me ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for institusjonsbaserte tenester. Me ser etter ein trygg, tydeleg og engasjert leiar som ønskjer å vere tett på både medarbeidarar og bebuarar – og som vil vere med å forme framtidas omsorgstenester i Nissedal.
Nissedal omsorgssenter har:
12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling samt nattbasen
Eige kjøkken med 2,2 årsverk som du òg får leiaransvar for
Du får leie ein fagleg sterk, dedikert og engasjert personalgruppe som legg stoltheit i å skape tryggleik, trivsel og livskvalitet for bebuarane våre.
Som avdelingsleiar blir du ein del av leiargruppa i Velferd, saman med kommunalsjef og andre avdelingsleiarar. Her får du ein viktig nøkkelrolle i samhandling, utvikling og strategisk arbeid.
👉 Me håpar akkurat DU vil bli ein del av laget vårt.
Som avdelingsleiar har du:
Overordna ansvar for dagleg drift og utvikling av institusjonen og kjøkkenet
Ansvar for fag, personal og budsjett i avdelinga
Ansvar for tilsettingar
Ansvar for kvalitet, pasienttryggleik og HMS
Ei sentral rolle i å vidareutvikle avdelinga som ein lærande organisasjon
Ansvar for å leggje til rette for aktivitet, meistring og gode livsopplevingar for bebuarane
Har autorisasjon som sjukepleiar
Har leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring (ønskeleg)
Har erfaring frå pleie- og omsorgstenester
Me ser etter deg som:
Er trygg i kommunikasjon og god på relasjonar
Er fleksibel, løysingsorientert og sjølvstendig
Samstundes har sterke samarbeidsevner
Møter bebuarar, pårørande og kollegaer med respekt, empati og forståing
Har høg arbeidsmoral og evne til å stå i ein variert og krevjande kvardag
Er nytenkande og ønskjer å bidra til vidareutvikling av både tenester og arbeidsmiljø
👉 Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.
Eit trygt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Stadleg, synleg og støttande leiing
Reell moglegheit til å påverke og utvikle tenestene
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Kompetanseheving gjennom vidareutdanning og interne tiltak
Løn- og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Tilsetting skjer etter gjeldande lov- og avtaleverk
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting
Namn på søkjarar kan bli offentleggjort jf. offentleglova § 25
Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619
Treungvegen 398
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5120965553
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.