Seksjon IKT søkjer no ein erfaren og engasjert seniorrådgivar innan IKT-systemdrift, med særleg kompetanse på Microsoft 365 og brukarsikkerheit.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Seksjonen består av fem faggrupper, og denne stillinga er plassert i faggruppa IKT systemdrift.
Seksjonen har om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar. Vi arbeider tett saman, både i faggrupper og i tverrfaglege fagteam, for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om lag 32 000 brukarar.
Som seniorrådgivar i IKT systemdrift vil du vere ein sentral fagressurs innan Microsoft 365, med ansvar for drift, vidareutvikling og sikkerheit i plattforma. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag der du arbeider både strategisk og operativt med brukarsikkerheit – frå førebyggjande tiltak til handtering av reelle sikkerheitshendingar. Du vil ha ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene og bidra til å setje retning for utvikling og sikring av M365-plattforma.
Vi er stolt av at vi har eit stabilt driftsmiljø og ønskjer å ha fleire på laget som ønskjer å bidra til at dette held seg slik også i framtid. Vi har ansvar for eit stort driftsmiljø med mange brukarar, det er difor viktig for oss at du både er fagleg sterk og evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert. Er du god på samarbeid vil dette kom til nytte då denne rolla vil arbeide tett inn mot operativ sikkerheit og andre fageingar i seksjonen.
Vi har eit stort og kompetent IKT-miljø som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling. Seksjonen har høg trivsel, og vi legg til rette for både fagleg og sosialt fellesskap. Mellom anna har vi ein eigen Teams-kanal der tilsette kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som til dømes padeltennis, fjellturar og spelekveldar.
Vi har årlege samlingar for heile avdelinga, i tillegg til eigne samlingar per fageining. Vi ønskjer at medarbeidarane våre utviklar seg i jobben, og dette legg vi til rette for gjennom intern opplæring, samt eksterne kurs og seminar.
Øyvind Daae Johansen, leiar, 91730197
Askedalen 2
6863 Leikanger
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5125066519
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.