Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik.
Søknadane vert fortløpande vurdert.
Søkjar må vere minst 18 år
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar.
Rita Helen Dalemark, Konst.leiar VHT, 91583299 , rita.helen.dalemark@vang.kommune.no
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 5083419503
Stillingsprosent: 12%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026
Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.