Hyllestad kommune har tre veterinærar som dekkar kommunane Hyllestad, Fjaler og Solund. To av veterinærane ønskjer å arbeide tilnærma 50 % i eit år frå medio juni, og vi lyser derfor ut eit årsvikariat for ein sjølvstendig næringsdrivande veterinær.
Vaktområdet har hovudsakleg sau- og mjølkeproduksjon, inkludert inseminering, litt smådyr, hest og geit. Arbeid vil skje i 3- delt vakt saman med dei andre veterinærane. Det er etablert eit godt samarbeid mellomveterinærane og som vikar vil du få gode kollegaer å samarbeide med.
Kvalifikasjonar
• Krav om norsk veterinærautorisasjon
• Du må ha godkjent insemineringskurs (Geno)
• Du må ha eige føretak og disponere eigen bil og utstyr
• Du beherskar norsk munleg og skriftleg
Vi kan tilby
• Deltaking i 3- delt vaktordning
• Kommunalt driftstilskot som utgjer 390 kr. per time for virkedagar kl. 08.00 - 16.00.
• Vakttilskot, der vi følgjer Landbruksdirektoratets sine gjeldande satsar
• Vaktbelastning ut over 1/3 utløyser eit ekstra tilskot på 100 % av Landbruksdirektoratets satsar
• Kompensasjon for "Solunddagar" kr 1.500 per tur (pga. lang reise).
• Hjelp til å finne bustad i ein av samarbeidskommunane
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv i alle dei tre kommunane
• Gode forhold for friluftsliv og naturopplevingar
Hyllestad kommune sitt landbrukskontor er del av eit vertskommunesamarbeid med Askvoll kommune.
Vi ser fram til at søknaden din dukkar opp i innboksen vår!
Link til søknadsskjema:
Søk herHyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko.
Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.
Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.
Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!
Tilgjengeerklæring