Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Hellemyra er eitt av våre ni bufellesskap.Hellemyra bufellesskap ligg i Eikelandsosen på "Fusasida" i kommunen.
Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Tenestene er i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og faglege retningsliner. Vi legg vekt på kvalitet, brukarmedverknad og respekt for den enkelte sin integritet og sjølvbestemming.Vi tilbyr ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar og høve til å bidra til utvikling av gode tenester. Du vil arbeide med mennesker, med nedsett funksjonsevne, som har behov for trygge, kompetente og stabile rammer og vi har fokus på målretta miljøterapeutisk arbeid, relasjonsbygging og fagleg utvikling.
Stillinga er i turnus med arbeidshelg kvar 4. helg (m/muligheit for langvakter)
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi legg òg vekt på at du ønskjer fagleg utvikling og vil bidra til vidareutvikling av tenestene våre.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar for bebuarane.
Vi tilbyr
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer DEG med på laget.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.