Årstad vidaregåande skule har to avdelingar for tilrettelagd opplæring for elevar med særskilde behov (HTH). Opplæringa føregår i små grupper, der elevane får individuelt tilrettelagd undervisning etter individuell opplæringsplan (IOP). Den eine avdelinga ligg på hovudskulen til Årstad vgs. på Danmarksplass, medan den andre ligg på Laksevåg i same skulebygg som Laksevåg og Bergen maritime vgs.
Avdelinga vår på Laksevåg har ledig eit vikariat som miljørettleiar for skoleåret 2026/27. Vi ønskjer oss medarbeidarar som vil vere med og vidareutvikle avdelingane våre, der meistring og lærelyst står sentralt.
Andre opplysningar:
Line Dybendal Solheim, Avdelingsleiar • OPK-AR - TO Laksevåg, +47 91819831
Gravdalsrinden 47
5165 Laksevåg
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5143689787
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.