Masfjorden kommune søker etter miljøterapeut/miljøarbeidar, med arbeidsstad for tida ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter. Stillinga er ei 100% mellombels stilling for perioden 01.09.2026 (eller snarast) - 30.09.2027.
Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar.
100% mellombels stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar. Tiltreding 01.09.2026 eller snarast og med lengd til og med 30.09.2027.
Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene.
Vakt kvar 4. helg pr. no.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagte. Menn vert oppfordra til å søkje.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3. månader.
Masfjorden bu- og aktivitetssenter ligg på Hosteland. Her har me 10 godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. Saman med oss er du med i fronten av utviklinga.
Masfjorden bu- og aktivitetssenter har turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder.