UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetet i Bergen tilbyr personleg studieassistent til studentar som har behov for ekstra støtte, og som elles ikkje kvalifiserer til utdanningsstøtte frå NAV.
Stillinga utgjer minimum 2-4 timar i veka. Det kan bli meir arbeid i periodar og arbeidstida vil kunne variere mellom dagtid/ettermiddag.
Vi har per i dag fleire ledige stillingar. Oppstart vil skje, så raskt som mogleg.
Du vil fungere som personleg studieassistent for ein eller fleire studentar med eit behov for ekstra støtte ved Universitetet i Bergen. Arbeidsoppgåvene kan innebere å:
Du må delta på opplæring etter tilsetjing. Opplæringa består av eit kurs i Mitt UiB. All opplæring er obligatorisk og løna.
Du vil få attest for arbeidet.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: seniorrådgjevar Iren Igesund, tlf. 55589483, e-post iren.igesund@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om studieavdelingen her.