Vi treng danselærar til vår flotte kulturskule i Stryn, er du den vi ser etter ?
Stryn kulturskule er eit kulturelt ressurssenter for bygda, og vi skal gje opplæring av høg kvalitet til born og vaksne i vår vidstrakte kommune innanfor dans, drama, kunst, musikk og song. Kulturskulen har pr i dag 3,7 årsverk og om lag 200 elevplassar, og vi arbeider målretta med rekruttering gjennom lokale konsertar og arrangement.
Kulturlivet i Stryn er aktivt og mangfaldig. Kulturskulen samarbeider tett med lokalt musikk- og kulturliv, og ynskjer å utvikle samarbeidet med andre lokale tenester i kommunen.
Stryn kulturskule er ein desentralisert kulturskule. Kommunen er vidstrakt og vi prioriterer å ha undervisning i sentrum så vel som bygdene rundt. Den øvrige undervisninga går føre seg i sentrum i eigne lokale i Stryn kulturhus. Her er det undervisningsrom til instrumentalopplæring, visuell kunst og lydstudio som vert nytta til individuell undervisning, bandkurs, interne og eksterne innspelingsoppdrag. Kulturskulen disponerer òg ein dansesal til teater-og dansegrupper.
Utlysinga gjeld tilsetting frå skuleåret 2026/27 med oppstart frå 01.08.2026 i minimum 40% fast stilling. Søknadsfristen for elevar til kulturskulen er ikkje ute enno og vi har ikkje full oversikt over elevtal og elevgrupper før i midten av mai. Det kan derfor bli aktuelt å justere stillingsprosenten.
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Ingrid Schei Stuhaug, Rektor kulturskulen , 90016334
Perhusvegen 33
6783 Stryn
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5123425128
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn