Vil du vere med og føre ein fleire hundre år gamal handverks-tradisjon vidare? Oselvarverkstaden søkjer no ein båtbyggjar og ein lærling i båtbyggjarfaget som vil arbeide med det levande tradisjonshandverket vårt – bygging, vedlikehald og formidling av den unike oselvaren.
har interesse for tradisjonelt trearbeid og båtbygging
kan arbeide sjølvstendig og nøyaktig
set pris på godt samarbeid og eit inkluderande fagmiljø
ønskjer å utvikle seg fagleg og vere med på å styrke kystkulturen
tradisjonell bygging og vedlikehald av oselvarar
fordjuping i og vidareføring av byggjetradisjonen
formidling av handverket til besøkande, kundar, skular og fagmiljø
deltaking i eit ope verkstadmiljø med tett kontakt mellom handverkar, båt og publikum
samarbeid med kollegaer i eit lite, fagleg sterkt miljø
læreplass i båtbyggjarfaget for rett kandidat
ein unik arbeidsplass med sterke røter og sterkt fagmiljø
varierte arbeidsoppgåver og ein kvardagen med praktisk og meiningsfullt arbeid
gode høve for fagleg utvikling
Oselvarverkstaden ligg i Os-sentrum i Bjørnafjorden kommune. Her tar vi vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av Oselvarbåten. I 2016 vart bygging og bruk av oselvar ført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Verkstaden er open for publikum alle kvardagar.