Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste?
Førde heimeteneste eining 2 held til på Førde omsorgssenter og er ei av seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi gir tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande innbyggjarar – og vi er stolte av å vere ei teneste i stadig utvikling.
Vi er ei levande og framtidsretta teneste – og no leitar vi etter ein ny kollega som vil vere med og bidra til trygge, nære og profesjonelle tenester. Kanskje er det akkurat deg vi manglar?
Stillinga inneber ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Her får du bruke kompetansen din på ein plass der jobben verkeleg betyr noko – kvar dag.
Søknad skal leverast elektronisk og må innehalde referansar.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
Vi håpar akkurat du søker – velkomen til ein spennande jobb i Førde heimeteneste!
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.