Nav Bergen sentrum utvidar Arbeid med støtte-teamet og søkjer tre engasjerte jobbspesialistar.
Vi ser etter deg som har tru på at alle menneske – uavhengig av utfordringar eller helseproblem – kan få og behalde ordinært arbeid med rett støtte. Du trivst i eit aktivt og oppsøkjande arbeid, byggjer relasjonar lett og handterer endringar og uforutsigbarheit på ein god måte.
Som jobbspesialist blir du del av eit sterkt fagmiljø og får solid fagleg støtte i teamet, frå metodereettleiar og frå regionen sitt fagnettverk. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din på noko som verkeleg betyr noko – for enkeltmenneske, arbeidsliv og samfunn.
Avdelinga består av 24 dyktige og engasjerte jobbspesialistar, fordelt på fire team ved Nav-kontora i Bergen. Vi jobbar tverrfagleg og med utgangspunkt i kvar einskild deltakar sine behov. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der samarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og fleksibilitet står sentralt.
Kontorstad for stillingane er Nav Bergen sentrum, Nav Bergen nord og Nav Bergen vest, men avdelinga leverer tenester til heile region Bergen.
I søknaden ber vi deg skrive kva som motiverer deg for stillinga, og korleis bakgrunnen din er relevant for rolla.
Stillingane er ledige frå 01.08.2026.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Unni Andersen, Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen, 45774545, unni.andersen@nav.no
Møllendalsveien 8
5009 Bergen
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5117757261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling