Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Kan nok bli sit-down komikar kva tid som helst. Bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Du kan joine, men då må du ha med eigen PC... Brettspel fungerer og, men det er fint om du taper oftare enn meg.
Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min (det er jo noko å ha på CV-en!). Det blir råning med meg som DJ. I alle fall i helgene. Og du må kanskje vere med meg på fest. Og kino. Kino er kjekt. Eg spanderer!
Du steiker kotelett og bruker steiketermometer, eg veit kva kjernetemperaturen skal vere, og korleis du skal lage marinaden for meg. Du skjerer opp maten, men eg spiser sjølv. Du blir nødt til å kokkelere, men slapp av, eg forteller deg stort sett korleis det blir god mat av det.
Det er fint om du kan ta i eit tak, men eg har personløftar og andre smarte hjelpemiddel.
Eg trener fleire gonger i veka, to fysioterapeutar lærer deg alt du trenger på land og i bassenget.
Eg er ikkje sjenert og har mellom anna spelt inn fleire undervisningsfilmar for elevar på vidaregåande. Du kjem til å bli godt kjent med meg, for du må hjelpe til med blant anna personlig stell og hygiene.
Eg bur for meg sjølv, så noko husarbeid blir det jo (på ein av oss i alle fall...). Eg har laga ein plan for husarbeid, den er sikkert fin den. Den virker ikkje heilt kvar veke, men det finner me ut av.
Gaming ja, det blir mykje tid til å surfe og. Studerer du noko? Ta med bøkene, det blir ofte tid til å lese og skrive på oppgåver. Eller strikke, eller andre greier du kan halde på med, medan eg speler, eller ser på "Star Wars" eller noko.
Nokre gonger i året må eg på EU-kontroll på sjukehuset. Då kan det hende du må bli med, og overnatte på pasienthotellet. Eller så kan det hende du kan bli med meg på roadtrip til Sverige, Danmark eller andre stader i Noreg. To assistentar og eg fylte bilen sist me var på Harryhandel i Nordby og Strømstad.
* relevant arbeidserfaring
* arbeidserfaring frå helsevesen
* god kommunikasjon og kjemi med meg
* er ungdommeleg
0700-1900
1900-0700
Det er fleire faste, og eit par vikarar, som jobber her.
Det er 7-10 assistentar, damer og menn, i alderen 20 til "det spør ein ikkje om" som rullerer på vaktene.
Medvind Assistanse vert arbeidsgivar. Dei betalar lønn og slikt.
Eg og mamma er arbeidsleiarar. Så me setter opp turnusen, og fikser vikarar om det trengst. Og lærer deg alt du trenger for å lukkast og trivast i jobben.
Det er ingen krav om formell utdanning når ein skal jobbe som BPA-assistent. Vi ser alltid etter ein god match mellom arbeidsleder og assistent. Personleg egnethet vektleggast.
Vi tilbyr konkurransedyktige betingelser, rask og effektiv oppstart for aktuelle kandidatar og fast kontaktperson hos Medvind Assistanse.
Det er behov for både faste ansatte, tilkallingsvikarar og ferievikarer.