Ledig vikariat frå 01.08.26-30.06.2027
Aktuelle arbeidsoppgåver
• Kontaktlærar
• Faglærar
• Vikartimar v/behov
• Vikarhandtering
Kvalifikasjonar
Me lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller anna
faglærarutdanning. Me lyser primært etter undervisningspersonale som har
grunnskulelærarutdanning. Søkarar med faglærarutdanning med PPU eller anna godkjend
pedagogisk utdanning vert og vurderte.
Arbeidsspråket er norsk, og søkjarar bør difor ha norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, ynskjer å læra av og med andre, er
utviklingsorientert, har positivt elevsyn, har humor og god relasjonskompetanse.
Søknad på stilling- merk med saksnr. 26/873
Lysinga er publisert på ulvik.kommune.no og NAV
Me hjelper gjerne med å skaffe bustad. Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar.
Spørsmål om stillingane på Brakanes skule kan rettast til konstituert rektor
Sebastian Hoffmann, tlf: 41866977
Tilsetjing i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæringa, aktivitetsskulen eller for å gi
leksehjelp er avhengig av at det før tiltreding blir lagt fram politiattest i tråd med
opplæringslova § 17-11
Unike naturopplevingar for alle, frå fjorden til høgfjellet
Eit godt helsetilbod for alle aldersgrupper
Ein moderne skule med fleirbrukshall og svømmebasseng
Ein fleksibel barnehage med god plass
Eit bygdesentrum med korte avstandar og eit variert servicetilbod
Skiarena for langrenn og hopp med 4 km lysløype, 14 km turløype, familiekveldar ein gong i veka, og flott terreng for fjellskiturar
Utandørs idrettsanlegg med grasbane og friidrettsanlegg, med ridebane, badeplass, vannskiarena og sandvolleyballbane like ved sida av
Bibliotek, skulekorps, kulturskule og mykje meir
Ønskjer du meir informasjon, ta gjerne kontakt med tenestetorget på Sentrumsbygget i Skeiesvegen 3.