Gode pasientforløp blir ikkje skapte innanfor éi teneste aleine. Dei blir skapte i overgangen mellom sjukehus, kommune, fastlege og andre samarbeidspartar. Helse Fonna søkjer no ein samhandlingssjef som skal vere med og vidareutvikle dette arbeidet.
Vi ser etter deg som byggjer tillit, skaper retning og omset samarbeid til gode løysingar. Dette er ei leiarrolle med tyngd, brei kontaktflate og stor moglegheit til å påverke korleis tenestene heng betre saman for pasientane i regionen
Rolla ligg i skjeringspunktet mellom strategi, drift og utvikling. Du må kunne sjå heilskapen, handtere ulike interesser og samtidig skape god framdrift i arbeid som krev samarbeid på tvers.
Vil du vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Du vil mellom anna:
Vi ser etter deg som bygger tillit og evner å skape gode samarbeid. Du er strategisk og har god gjennomføringsemne.
Du klarer å stå stødig i krevjande avvegingar, og du evnar å halde retning også når interessa til ulike partar ikkje peikar same veg.
Du arbeider strukturert, får framdrift og klarer å omsette komplekse problemstillingar til tydelege prioriteringar og gode prosessar. Samstundes har du den relasjonelle tryggleiken som skal til for å samle folk rundt felles mål.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Hos oss får du ei rolle med stor betydning for korleis tenestene heng saman for pasientane i regionen. Du får arbeide tett på toppleiinga i viktige strategiske spørsmål, på et område der samarbeid, utvikling og gode prioriteringar betyr mykje.
Dette er stillinga for deg som vil bruke din erfaring og kompetanse til å påverke korleis tenestene heng betre saman, og som trivst med å få ulike miljø til å trekke i same retning.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anders Hovland, Administrerende direktør, +4793287565, anders.hovland@helse-fonna.no
Siren Eldøy Hinderaker, HR direktør, +4792220894, siren.eldoy.hinderaker@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5115103454
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.