NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.
NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.
Video:
https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0Vi søkar ein synleg, tydeleg og engasjert medarbeidar som blir motivert av å bidra til utvikling. Du trivst med å samarbeide med ulike menneske, og møter andre på ein inkluderande og positiv måte. Du likar fysisk arbeid, samstundes som du har interesse for å finne gode og praktiske løysingar på utfordringar i kvardagen.
Seksjon for eigedom og drift ved campus Ålesund består av 12 tilsette, og har ansvar for effektive leveransar til NTNU si kjerneverksemd. Dette omfattar mellom anna oppgåver innan prosjektoppfølging, leigetakarvedlikehald, samt drifts- og serviceoppgåver. Stillinga inneber også løpande vedlikehald og øvrige leveransar frå driftseininga til fakultet og institutt ved NTNU.
Stillinga rapporterar til avdelingsleiar for drift ved seksjon for eiendom og drift. Arbeidsstad er ved NTNU campus Ålesund.
Du vil ha ei sentral rolle i å sikre ein velfungerande campuskvardag, der du får brukt både praktiske og tekniske ferdigheiter.
Du sørgar for effektiv handtering av innmelde behov og bidreg til at bygningar og tekniske anlegg held god standard og fungerar optimalt.
Du er ein synleg og tilgjengeleg ressurs i kvardagen, og bidreg til gode brukaropplevingar for studentar og tilsette gjennom rask og løysingsorientert oppfølging.
Du tek ansvar for eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, og bidreg til systematisk førebygging og etterleving av gjeldande krav og rutinar.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
I stillinga som driftsteknikar kode 1136 vil du normalt lønast frå brutto kr 500 000 - 580 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. For særlig godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna trekkast 2 % lovfesta innskot til
Statens Pensjonskasse.
Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i
statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du pårekne at det kan skje endringar i arbeidsområdet.Det er ein føresetnad at du kan vere til stades ved og tilgjengeleg for arbeidsgivar på dagleg basis.
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.
Søknaden må innehalde:
Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile
utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du
her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitskapelege universitet, skapast kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan forandre kvardagen.