Vi har ledig årsvikariat for psykolog med oppstart medio juni 2026 eller etter avtale med seksjonsleiar.
Vi søker engasjert og fagleg interessert psykolog som trivast med både sjølvstendig og tverrfagleg samarbeid. Rett søkjar bør ha strukturert arbeidsstil. Du blir ein del av eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø med høgt fokus på kvalitet og godt samarbeid.
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda er ein av tre seksjonar ved DPS Volda og har Søre Sunnmøre som opptaksområde.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her
Hallgrim Myklebust, Seksjonsleiar, +47 70 05 85 60, Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5120196623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 14.06.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026