I tillegg til å vere fysisk til stades på skulen, vil rolla vere del av ei felles ressursgruppe som skal hjelpe andre lokasjonar i området ved behov. Dette kan gjelde andre vidaregåande skular, administrative einingar og tannklinikkar. Rolla inngår òg i den felles IT‑støttefunksjonen (vakt) for heile fylkeskommunen.
IT‑brukarstøtte i Team Brukaroppleving gir støtte til både tilsette og elevar gjennom saksbehandling i supportsystemet, samt via chat, e‑post og telefon.
Vi ønskjer oss ein ny servicemedarbeidar som er strukturert, sjølvstendig og utadvend. Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og trivast med ein variert arbeidsdag.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og pliktoppfyllande. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy, og ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Vi set pris på stor arbeidskapasitet, og du må kunne handtere periodar med høgt tempo. Det er viktig at du raskt kan setje deg inn i nye rutinar og system, og at du har eit sterkt ønskje om å hjelpe andre på best mogleg måte.
Vi treng at du har gode evner til samhandling, og er trygg i rolla som rettleiar til lærlingar.
Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Gry Rishaug Hansen, Teamleder team brukeropplevelse, +47 41643033
Øyatrøvegen 30
6650 Surnadal
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5111054246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune