Andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
Heimesjukepleia gir hjelp og rettleiing gjennom heile døgnet til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime, og deira pårørande.
Stillinga er knytt til heimesjukepleia, og inngår i turnus med arbeid f.t tredje kvar helg og arbeidsoppgåver i heimesjukepleia.
I tillegg vil det være oppgåver knytt til samarbeid og samhandling. I heimetenesta er samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre, ei viktig oppgåve.
Oversjukepleiar er næraste overordna.
- norsk autorisasjon som vernepleiar (andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert)
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne og god kommunikasjonsevne på norsk
- Kunne bruke digitale verktøy
- Førarkort kl.B
Tilfredsstillande polititattest skal leggast fram, denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi ønskjer oss medarebeidarar som er fagleg trygge og som har motivasjon for å lære. Vi set vilje og evne til sjølvstendig arbeid høgt og ønskjer at medarbeidarane våre er pådrivarar til utvikling og bidrar positivt til arbeidsmiljøet med godt humør og gode samarbeidsevner.
- opplæring
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
- lønn etter gjeldande avtaleverk og med kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsorndningar
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Vi held samtalar med aktuelle søkarar.
Besøk oss på Facebook, Heimetenesta i Surnadal:
https://www.facebook.com/profile.php?id=61584315450543
Link til søknadsskjema:
Søk herHeimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
Vi er til saman 50 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
I november 2024 tek vi i bruk Helseplattformen som fagsystem.