Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og engasjert i fagutvikling!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19, har vi ledig 80% vikariat for sjukepleiar grunna tilsett som skal ha foreldrepermisjon. Om ønskeleg kan stillinga justerast til 100%, då med 20% som flytvakt i turnus. Skriv i søknaden kor stor stilling du ønsker.
Tiltredelse 17. august 2026, evt. anna dato etter avtale. Varighet ca 1 år. Mulighet for forlenging av vikariat, evt fast tilsetting.
Søknadsfrist 25. mai 2026
Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for våre bebuarar med utgangspunkt for den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Vi søker ein sjukepleiar som ønsker å bidra til trygg, verdig og personsentrert omsorg for menneske med demens. Hos oss får du vere ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode opplevingar i kvardagen.
Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Molværsvegen 19
6030 Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5110529834
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 25.05.2026
Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.
Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.