Me søkjer ein dyktig medarbeidar med relevant erfaring frå bransjen, som likar å jobbe tverrfagleg og ønskjer nye faglege utfordringar. Dersom du vil ha ein variert arbeidsdag, med moglegheit for å påverke morgondagens regulering og ha dialog med aktørane i næringa, då er du den rette for oss.
Krav:
I tillegg er det ein fordel om du har:
Marita Halsne, Fagleder Konstruksjonssikkerhet, 97184186
Rune Yttervik, Sjefingeniør, 51873262
Professor Olav Hanssens vei 10
4021 STAVANGER
Arbeidsgiver: Havindustritilsynet
Referansenr.: 5110505716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2026
Havindustritilsynet set rammar for og følgjer opp at industriverksemd til havs og tilhøyrande landanlegg blir drivne forsvarleg. Vi er ein sterk fagetat med dedikerte medarbeidarar innan ulike disiplinar som reflekterer aktiviteten i eksisterande og nye næringar til ei kvar tid. Havindustritilsynet er lokalisert i Stavanger og ligg under Energidepartementet.
Som arbeidsgivar ønskjer vi i størst mogleg grad å spegle mangfaldet i samfunnet. Difor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje jobb hos oss. Dette gjeld både kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere.
Havindustritilsynet arbeider aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgivar og dei tilsette forpliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.
Dersom kandidatar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller ikkje kan dokumentere samanhengande yrkeskarriere, kan opplysningane anonymt bli brukte til statistikkføremål.